Velkomen til Faddervekene for Arkitektstudentane ved NTNU! Vi i Borderskabet har gleda av å invitere deg til to av dei beste vekene dette året. Det fyrste du må gjere for å vere sikker på at du får med deg alt av nyhende og oppdateringar angåande faddervekene er å søke opp gruppa “Arkitekt NTNU – kull ‘19” på facebook og melde deg inn i ho. Om du lurer på noko, kan du sende ein mail til Novicekommandeur (faddersjefen) for Broderskabet på “novicekommandeur@broderskabet.no”.

Program:

Immatrikuleringsfest, måndag 12. august

Etter den offisielle immatrikuleringa er det endeleg på tide med den EKTE immatrikuleringa med fest på studentane si storstue: Samfundet! Faddergruppene har eigne vors og vert betre kjende, før vi alle møtast på Studentersamfundet. Her vil også resten av studentane frå Gløshaugen også vere!

Kosekveld med faddergruppene, tysdag 13. august

Denne kvelden inviterer kvar enkelt faddergruppe til ein real kosekveld. Sjå eigne grupper på facebook.

Byrebus, bartefest og bar til bar, onsdag 14. august

I dag er det på tide å verte kjende med Trondheim. Vi startar kvelden med eit rebusløp i Trondheim sentrum, før vi held fram med det beste av uteliv Trondheim har å by på. Oppmøte på Trondheim torg 19.00 i ditt beste trønderkostyme!

Idrettsdag og grilling med Leonardo, torsdag 15. august

Denne dagen nyttar vi til å pleie giftarmålet med linjeforeninga for Industriell design, Leonardo. Det vert konkurransar og premiar OG vi stiller med grillmat. Alt du treng å ta med er noko å drikke og konkurranseinnstinktet. Vi sjåast!

Disneybursdag med Bygg og Miljø, fredag 16. august

Vi har invitert Tim&Shænko til Storfest på Skiboli! I dag slår vi oss lause med tidenes mimrefest. Det vert TB-speleliste, godterifisking og partyhattar. For kva er vel betre enn å avslutte fyrste skuleveke med mimrefaktor, trynefaktor og ein heil del andre faktorar. Finn fram ditt beste disneykostyme og ver sikker på å ta med deg dansefoten. PS: ryktast god kok.

Rask fest med Medisin og Nano, lørdag 17.august

Vi har invitert linjeforeningane for medisin og nanoteknologi på besøk. Det vert vors i faddergruppene, før vi fyrer ein ordentleg studentfest på Skiboli! Har du nokre sykkelshades lengst inne i skapet eller ein godt padda sykkelshorts, er dette dagen å leite dei fram på. Det meldast stinn brakke.

Oppladingsdag, søndag 18. august

Sov lenge, kulan, et mat og gjer deg klar for veke nr 2 av fadderperioda. Det har du fortent!

Undergrupperebus på gløs, mandag 19.august

I dag skal du verte enda betre kjend med faddergruppa di, og få møte undergruppene i Broderskabet. Linjeforeininga vår har fleire ulike tilbod utanom studietida. Vi har eige fotballag, tidsskrift, revy og mykje anna gøy! Undergruppene presenterer seg sjølve gjennom forskjellige konkurranser, og vinnarane får premie! Dette krever at samarbeidet på gruppa må vere på topp, så finn fram lagånda, det er tid for teambuilding! Oppmøte framfor Hovudbygget kl. 18.00.

AFAG og kosekveld, tirsdag 20. august

Denne kvelden skal dykk verte kjende med Arkitektenes Fagforbund. Møt opp på Mellomrommet kl. 17.00!

Leiligheit til leiligheit, onsdag 21.august

Tradisjonen tru vert dykk invitert på ei vandring mellom heimane til fadderane! Det vert hysteriske stopp med ulike tema i kvar leiligheit, og faddergruppene vert blanda! Dette er difor ei flott moglegheit til å verte kjend med andre folk i klassa di, men frykt ikkje, du kjem til å gå med nokon frå faddergruppa di. Det heile vert avslutta ved å samlast til ein solid fellesfest! #rølp

Dragefest og grilling, torsdag 22. august

Dette er ein tradisjonsrik og historisk dag i historia til Broderskabet. Vi feirar at dykk har bygd innovative og nyskapande dragar. For å feire tradisjonane og historia til Sancti Arnoldi Broderskab inviterer vi heile fakultetet og vår ektefelle Leonardo på feiring. Ta med noko tradisjonsrik mat ein kan slenge på grillen, og noko kaldt å ha i glaset. Kanskje får vi eit musikalst innslag frå det historiske Hoeychoret. Historisk, chill stemning! #tradisjon

Studio;Beta + Beachparty, fredag 23. august

På dagtid skal dykk møte Studio;Beta, som kjem til å arrangere morosame oppgåver for faddergruppene. På ettermiddagen serverer vi eit stort fat sumar, så møt opp i di flottaste hawaiskjorte. Alle samlast til grilling og vors før festen verkeleg startar på Skiboli. Linjeforeninga for Industriell Design, Leonardo, stiller sterkt nok ein gong, så du kan vedde på at steminga vert maks!

Dafting og back to the 20’s, lørdag 24. august

Ein solid favoritt hos dei fleste! Vi cruisar nedover Nidelva i gummibåtar med solbriller og hawaiiskjorta frå gårsdagen på halv tolv. Etter daftinga vert det vors hos fadderane, og så er Skiboli klar for ein ordentleg 20-talsfest. Drøym deg tilbake til stramme dressar og småfrekk skjørtelengd, for dette er dagen du kan slå på stortromma. I dag er heile Broderskapet invitert, så dette vert ei kanonkveld!

Frisk tur med ArkitekTUR, søndag 25. august

Broderskabet si eiga turgruppe tek på seg ansvaret å vise oss kva Trondheim har å by på av friluftsliv. Det ryktast flott utsikt og hangovervenleg vanskelegheitsgrad 😉