Det Arkitektonske Hoeychoret er Broderskabets eige blandakor. Her er alle velkomne til å synge både gamle ærbødige Broderskabs songar, og litt meir kjende songar. Enten du er ein erfaren korist eller berre synes det er spennande å prøve nye ting så er det her noko for deg.

I løpet av året deltek vi med musikalske innslag på ulike arrangement i regi av Broderskabet, mellom anna immatrikuleringsballet. Vi arrangerar óg to konsertar sjølve i løpet av året, ein julekonsert og ein vårkonsert. Det er mange studentkor i Trondheim, og Korstock er ei årleg samling av desse kora som vi ofte er med på, og annakvart år har vi Sjungom.

Vi tek i mot alle som vil med opne armar og eit kakestykke eller to på kvar øving^^